Her er dykkarens utgave av Webkameraet:

Webkamera på 18 m dyp.

Det heile starta vel med at han som laga nettsida vår (Audun Brekke) kom med ein ide om at me kunne montere eit webkamera som viste sikta i sjøen. Me tente vel ikkje så alvorlig på ideen, men synest ikkje tanken var så dum, Rett før Steinbitestivalen ville undertegnede , John og Eirik ta oss eit kaidykk for å sjekke om det var steinbit ute på bukta . Me fant 3 stk, og den eine så nær kaien at det var gjennomførlig å nå ned der med kabel og kamera. Då tok ideen til Audun Brekke ”fyr”. Denne SKULLE på nett !

Då var alle gode råd dyre, og me satte i gang med planlegging. Hus skulle byggast, men korleis ?

Karstein turøy fekk den jobben. Røret ble kjøpt inn etter mål på webkameraet. Veggane er 8mm tykke. Rørleggaren sa at røret var godkjent for 18bar (180m), men meinte at den skulle tåle mykje meir. 
14mm Plexi (akryl) glasplate ble kjøpt inn, og saget opp i passende emner på gjerdesagen. Den same plata ble også brukt til avstandsstykker fra gjengestangen til rørkroppen, når den ble montert.  Så ble det frest et oringsspor med en 3mm fres, på min heimekonstruerte fres.Gjengestang, oringer og gjennomføringar vart  kjøpt. Det ble laget to like hus for enkelheitas  skyld. Det eine huset til webkameraet og eit til lyset. Trykktesting ble gjort på enkeleste måte, i et fangstnett med bly og firt ned på 60 m dyp.(hadde ikkje meir tau i farten)

Og skulle den på nett, så MÅTTE det vera i live view ! men slikt treng ein del båndbredde på nett, så da måtte me kontakte bredbåndsleverandøren vår, OKAPI as i Eidfjord. Klubbkassa er ikkje den sprekaste fekk me beskjed om frå kasseraren vår, Agate Hamre. Og båndbredde kostar peng, trudde me…men den gang ei..

Bredbåndsleverandøren vår OKAPI synest ideen var så god at det skulle me ikkje tenke på. Det fekk me kostnadsfritt J

 Audun Brekke er ein kløpper på data, så det får vart hans jobb. Med hans tidligare erfaringar med nettverkskamera, så valgte han eit nettverkskamera med innebyggd webserver og POE. POE vil si att kameraet kan få strømtilførselen sin over samme kabel som nettverket. Då trengs det ikkje  strømkabel, kun ein enkel nettverkskabel til kameraet. Det gjør installasjonen mykje enklare. Eitt kamera med innebyggd webserver gjer og alt mye enklare og stabilt. Da er vi ikke avhengig av noe anna utstyr, kun internett-tilgang.

Det som er spesielt viktig for eit undervannskamera er lysfølsomheiten. Så da valgte me dette kamera : Panasonic BB-HCM511, PoE, 0.2 lux,2-way audio, pan/ tilt/zoom. Eg har satt opp to forskjellige publiseringar av bilder frå kameraet. Eit stillbilde som blir lagt ut på framsida av websida, og en live streaming man kan klikke på for å  sjå. Det er best å bare ha eit stillbilde på fremsida av websida, ellers kan det bli eit problem med båndbredde for både webserver og brukarar .

Live streaming frå webkameraet var en liten utfordring. Det er jo etter kvart blitt en heil jungel av forskjellige nettlesere. Sidan kameraet bruker active-X applikasjoner for å vise live streaming ble det litt problem, da de forskjellige nettleserane ikkje støttar de samme active-X tilleggene. Løysinga vart å lage forskjellige valg for de forskjellige nettlesarane. Det er laga to forskjellige valg for oppløsning på streamingen. Da kan de med lav båndbredde får bra bilde på videostreamen ved å velgja ein lavere oppløsning.

 Etter masse planlegging, kabel legging bort til ein i klubben, Sverre Folkedal der me kobla oss til med data. (totalt 105 m kabel) var alt endelig klart. Steinbiten ”Gamle Gangdalen” var dessverre flytta til større dyp då me hadde fått alt på plass, men no har ei lange, ”Langelusa” tatt over plassen fram til ”Gamle Gangdalen” kjem att.

Lite visste me at responsen ute i verden vart SÅ stor. Etter at me la det ut på Dykkesiden, så eksploderte treffa på sida vår. Ca 1.500 i snitt pr dag.. no har me treff frå heile verda J

Når me først har fått ein slik ting opp å gå, så vert det stadig krav til forbedringar.

Kvalitet er det viktigaste, og rett lys setting. Ikkje lett, men me prøver oss fram så godt me kan.

For å få bedre kvalitet, så måtte kabel lengda ned. Det løyste me med å montere eigen antenne og router til kamera. (som OKAPI as spanderte J ) Dette vart montert på sjøbua til Morten Vaksdal.

Det var litt krøll i oppstarten til eigen antenne, for det var ein fabrikkfeil på antenna. Fekk ikkje opp nok båndbredde. Men det er heldigvis ok no.

Heile prosjektet har kosta oss ca 6.000.- kr, men hadde vore mykje dyrare dersom me ikkje hadde fått all den støtta frå næringslivet.